SJØNÆR AKTIVITETAR
FREDAG
VELKOMMEN
LAURDAG
HAVÆKˊSJEN
SØNDAG
SUNDAY-FUN-DAY
Laurdag blir ein engasjerande dag – spekka full med aktivitetar i nokre av Noreg sine råaste naturomgivnadar. Vi sparkar i gang dagen med yoga før det blir fridykking, apparatdykking, kajakkpadling og coasteering. Du vel sjølv kva aktivitet du deltek på.
Etter aktivitetane blir det festivalmiddag. Vi samlar oss til inspirerande samtalar og foredrag. På kvelden blir det skikkeleg festivalstemning med musikk, servering og sosialisering.
FRIDYKKING
Når det kjem til fridykking eller snorkelsafari, har Runde det meste ein kan ønskje seg; stor tareskog, djupne, bruer, steinar, grotter og skipsvrak.
Bli med å utforske det Runde har å tilby under vatn på eitt pust.
Dykkeplassar nåast med båt og vil bli valt i samsvar med vêrforhold og sjøtilstand.
Dette treng du av utstyr:
Dykkardrakt, ABC-utstyr og vektbelte.
Det blir lagt til rette for ferskvassrensestasjon ved Miljøsenteret.
Treningar og sertifikat:
Ingen sertifikat er påkravd, men du må ha erfaring med fridykking, snorkling eller dykking i sjøen.


APPARATDYKKING
Øya Runde byr på betydelege utforskingsmoglegheiter for apparatdykkarar.
Akerendam, Arisan, grotter under fuglefjellet, «Grasøyane» og tareskog er berre nokre få høgdepunkt rundt øya.
Dykkeplassar nåast med båt og vil bli valt i samsvar med vêrforhold og sjøtilstand.
Dette treng du av utstyr:
Dykkardrakt, ABC-utstyr, pustar, BCD, regulator, «octopus», 2 tankar. Trenger du luftpåfyll under opphaldet kan dette avtalast med Herøy Dykkerklubb (ekstra kostnad kan påløpe).
Treningar og sertifikat:
Gyldig og aktiv dykkarlisens, forsvarleg helsetilstand for å kunne dykke.
KAJAKKPADLING
Avhengig av vêret er det fleire moglegheiter for kajakk på Runde og i meir lune område rundt naboøyane.
Laurdag:
Dagens turleiar legg opp tur etter vêr og forhold.
Turalternativ 1: Avansert rute, til dømes – Runde – Grasøyane – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 14 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 2: Den erfarne ruta, til dømes – sørsida av Runde til fyret på nordsida – for deg som har padla i nokre år, gjennomført lengre turar og distansar og kjenner deg igjen som ein erfaren padlar med erfaring i utsette forhold, vind og bølger. Ca 16 km tur retur rett strekke, omlag 4-6 timar.
Turalternativ 3: Om alternativa over ikkje let seg gjere på grunn av vêret må vi tenke annleis og finne ein eigna plass som vi diskuterer med gruppa.
Søndag:
Søndagstur: Planleggast laurdag ettermiddag saman med gruppa. Vi planlegg turen etter vêrforhold og gruppa sine føresetnader.
Prøv å padle: Ved tilgjengelege instruktørar frå Herøy kajakklubb kan dei som ikkje har vore i kajakk tidlegare få prøve å padle under Sunday Funday. Herøy kajakklubb tar med seg utstyr.
Dette treng du av utstyr:
Havkajakk, hjelm, tørr/våtdrakt, varme klesskift, niste, varm drikke, taueline 9-15m, reserve åre. Alt ustyret må vere i orden og klart til padling. (Om du vil leige kajakk og utstyr kan du ta kontakt med Herøy kajakklubb: https://www.heroykajakk.no/)
Treningar og sertifikat:
Minimum NPF teknikkurs hav eller tilsvarande, og ein del padleerfaring
Turleiarane er utdanna gjennom NPF (Norges padleforbund) som Turleiarar og Vegleiarar.


COASTEERING
Coasteering er ein kombinasjon av fjellklatring, symjing og valfri klippehopping. Som du sikkert har gjetta ut frå omgrepet, går aktiviteten føre seg i kystlandskapet vårt.
Bli med guidane våre på oppdagingsferd kring kystlinja på Runde. Vi går i samla gruppe og tek oss langs fjøresteinane og havet i det spektakulære kystlandskapet rundt fugleøya.
Aktiviteten passar for dei som er vande med å gå i kupert terreng, er komfortable i vatn og ikkje er redd for ei utfordring. Vi legg opp ruta utifrå erfaringsnivået i gruppa.
Utstyrsanbefaling:
Naudsynt sikkerheitsutstyr får de låne med Opplev Runde. Folk må derimot ta med skiftekle og eit godt par sko som toler å bli våte.
FRIDYKKERKURS
Vil du lære meir om fridykking og korleis du kan praktisere og meistre denne flotte hobbyen på ein trygg og motiverande måte?
Då er dette kurset for deg. Vi i SJØNÆR jobbar saman med Frivannsliv, slik at du kan vere med på festivalen og lære om fridykking samtidig.
Dette kurset vil finne stad på Runde i Herøy under SJØNÆR Festivalen, og vil bli heldt av flinke instruktørar utdanna via Norges Dykkeforbund.
Kurset er inndelt i to hovudemne. Ein del med teoriundervisning på (fredag og laurdag) etterfulgt av ein praktisk del (laurdag). Under teoriundervisninga går vi gjennom dykketeknikk, sikkerheit, utstyrslære, lovverk, planlegging av dykketurar og litt om undervassjakt. Når vi er ferdige med teoriundervisning, tek vi på oss fridykkarutstyret og gjer oss klar til praktiske øvelsar i sjø. Under den praktiske delen er formålet å etablere eller vidareutvikle din dykketeknikk saman med instruktør og dykkebuddy.
Vi har ei lita heimelekse til deg i forkant av kurset.
Sett deg ned og sjå denne YouTube-filmen og start å øve på utligning.
Får du til dette vil kursopplevinga kunne bli endå betre!
Praktisk informasjon
Kurset går over heile SJØNÆR-helga (fredag til søndag) med tre timar teoriundervisning, og tre timar sjødykk med instruktør. Dette kurset passar for dei som føler seg trygg og avslappa i vatn. Det er 16 års aldersgrense på dette kurset.
Detaljert info ang teori og sjødykk blir sendt ut av instruktøren ca. 5 dagar før kursstart.
Vi gler oss til å møte deg på kurs!
Mvh alle oss i SJØNÆR og Frivannsliv
