Greitt å vite

Billettar

Booking av billett skjer via lenke på framsida. Her vel du kor mange billettar du ønskjer. 

Mat og drikke

Lunsj og middag er inkludert i billetten. Måltida blir servert i hovudbygget på Runde Miljøsenter, med unntak av lunsj for kajakkpadlarane, som får med matpakke på tur. Hugs å melde frå dersom du har allergiar som kjøkenet skal ta omsyn til.

Drikke til måltida er ikkje inkludert i billettprisen. Kafèen har eit godt utvalg av drikke som kan kjøpast til etter ønskje. Kaffe/te er inkludert.

Utstyr

I oversikta over aktivitetar er det lista opp kva krav det er satt til utstyr/sertifikat etc. Dersom du ikkje har alt utstyret som trengs, ta kontakt med oss, så kan vi sjekke om det finst tilgjengeleg utstyr for utlån hos Njord Freediver, Herøy Kajakklubb eller Herøy Dykkerklubb. Det blir laga stasjonar for skylling og tørking av utstyr.

Overnatting

Treng du overnatting? Ta kontakt!

Vi har flere overnattingsmoglegheiter i området.

    1. Runde Miljøsenter – Ground Zero for festival. Send e-post til booking@runde.no – 500,- per person pr. natt
    2. Christineborg – https://www.christineborg.no/
    3. Goksøyr Camping – http://goksoeyr-camping.com/

 

Kontakt

Har du spørsmål om påmelding, program etc, ta kontakt via skjemaet nedst på sida, eller direkte på epost til sjonar.festival@gmail.com

Håper å sjå deg på Runde!

Helsing festivalgjengen