"SEE YOU BY THE SEA"

Dag(er)

:

Time(r)

:

Minutt(er)

:

Seckund(er)

VATN  FOLK LIVSEVENTYR

04.-06. september 2026

Runde

FESTIVALPASS

Helgepass

fredag – søndag

Fridykking eller
Apparatdykking eller
Coasteering eller
Kajakkpadling eller
Fridykkerkurs*

1750,- NOK*

* Inkluderer alle måltid, yoga, foredrag og fellesaktivitetar.
Valfri vassaktivitet blir vald ved kjøpt av billett.

Sunday Funday

Heile dagen er gratis.

Ope for alle!

BILLETTSALET STENGER ONSDAG 2. SEPTEMBER 2026 kl. 18:00

Dag(er)

:

Time(r)

:

Minutt(er)

:

Seckund(er)

VELKOMMEN TIL SJØNÆR 2026

FREDAG

Fredag ønskjer vi lokale og tilreisande gjestar velkommen til Sjønær og Runde. Vi brukar kvelden på å bli kjent med kvarandre og festivalkonseptet. Det sosiale er i fokus. Vi delar erfaringar, orienterer oss om helgas aktivitetar og sørger for at alle er klare for ei spennande festivalhelg.

 LAURDAG

AKTIVITETSDAG

Ein spennande dag med aktivitetar rundt eit av Noregs mest spektakulære naturområde – Runde.

Vi startar dagen med oppfriskande morgonyoga og frukost.

Dagens hovudaktivitetar er fridykking, apparatdykking, kajakkpadling og coasteering, vel den som passar best for deg.

For dei som deltek i dykkaraktivitet blir det også ein tur ut for nytt dykk søndag føremiddag.

 

SØNDAG

Vi startar dagen med ein deilig vaffelfrukost på Runde Miljøsenter.

Vi inviterer folk til å utforske og prøve dei forskjellige aktivitetane som Sjønær representerer. Det blir blant anna FJØREFORSKING, opa SKATTEUTSTILLING, SUP-BRETTFRIDYKKING og KAJAKKPADLING i og ved Runde Hamn. Kom og bli inspirert til å utforske og lære om havet!

Dykketur på føremiddag for dei med Festivalpass til dykking og fridykking.

På slutten av dagen blir det gratis pizza til alle som deltek i aktivitetar.

KURS I FRIDYKKING

Vil du lære meir om fridykking og korleis du kan praktisere og meistre denne flotte hobbyen på ein trygg og motiverande måte?
Då er dette kurset for deg. Vi i SJØNÆR jobbar saman med Frivannsliv, slik at du kan vere med på festivalen og lære om fridykking samtidig.

Dette kurset vil finne stad på Runde i Herøy under SJØNÆR Festivalen, og vil bli heldt av flinke instruktørar utdanna via Norges Dykkeforbund. 

Kurset er inndelt i to hovudemne. Ein del med teoriundervisning på (fredag og laurdag) etterfulgt av ein praktisk del (laurdag). Under teoriundervisninga går vi gjennom dykketeknikk, sikkerheit, utstyrslære, lovverk, planlegging av dykketurar og litt om undervassjakt. Når vi er ferdige med teoriundervisning, tek vi på oss fridykkarutstyret og gjer oss klar til praktiske øvelsar i sjø. Under den praktiske delen er formålet å etablere eller vidareutvikle din dykketeknikk saman med instruktør og dykkebuddy. 

Vi har ei lita heimelekse til deg i forkant av kurset. 
Sett deg ned og sjå denne YouTube-filmen og start å øve på utligning.
Får du til dette vil kursopplevinga kunne bli endå betre! 

Ta gjerne ein tur innom vår YouTube-kanal om du vil lære meir, eller besøk frivannsliv.no

Praktisk informasjon

Kurset går over heile SJØNÆR-helga (fredag til søndag) med tre timar teoriundervisning, og tre timar sjødykk med instruktør. Dette kurset passar for dei som føler seg trygg og avslappa i vatn. Det er 16 års aldersgrense på dette kurset. 

Detaljert info ang teori og sjødykk blir sendt ut av instruktøren ca. 5 dagar før kursstart. 

Vi gler oss til å møte deg på kurs!

Mvh alle oss i SJØNÆR og Frivannsliv

EI HELSING FRÅ SJØNÆR 2023

"Det handlar om å møte folk og vere engasjert i lag om havet."

Lise

SJØNÆR I BILDE

SJØNÆR SPONSORAR 2026

Vi er svært takksame for alle som hjelper oss med å arrangere Sjønær. Særleg ønskjer vi å takke dei som legg ned ein frivillig innsats og er med på finansiere festivalen. De er med på å gjere folk meir bevisste på havet og kor viktig rolle det spelar i våre liv.

Målet med festivalen er å gjere folk meir bevisste på korleis vi, på best mogleg vis, kan sameksistere og ta vare på havet – slik at havet kan fortsette å ta vare på oss. Våre sponsorar gjer dette mogleg!

– Festivalstyret

Vil di bedrift vere med å støtte SJØNÆR og vår lidenskap for havet? Ta kontakt med oss for å bli sponsor: cecil@runde.no

SJØNÆR NYHEITER

2025

www.vikebladet.no

«Ber inn til festival for alle som elskar havet»

2024

www.vestlandsnytt.no

«Suksess med festival med fokus på havet«

www.vestlandsnytt.no

«Film frå Sjønærfestivalen 2024«

2023

www.vestlandsnytt.no

«Ny Sjønær-festival i september«

2022

www.vestlandsnytt.no

«Dette gav absolutt meirsmak«

www.dykking.no

«Bli med på Sjønær-festivalen«