OM SJØNÆR FESTIVALEN
Kven er festivalen for?
Festivalen er delt opp i to delar, entusiastdagane (fredag & laurdag) og familiedagen (søndag). Kjøper du billett gjeld det heile helga frå fredag til søndag.
Fredagen og laurdagen er for alle over 18 år, med festivalpass. Målgruppa er erfarne, aktive entusiastar som ønskjer å dele sin lidenskap for havet. Dei fleste aktivitetane utanom coasteering krev ei form for kompetanse. Du kan lese meir om dette under aktivitetsseksjonen.
Søndag er ein familiedag. Du treng ikkje å kjøpe festivalpass for å vere med på frukosten eller delta i prøveaktivitetar. Søndagen er ein gratis festdag for havet. Ein dag der familiar med barn kan prøve vassaktivitetar utan forpliktingar eller erfaring.
Hugs at ein enkelt kan bli våt under aktivitetane, så det er lurt å ha med skift eller bruke våtdrakt. Du kan ha med eigen flytevest, men vi stiller med ekstra til dei som treng det. Alle vassaktivitane krev flytevest uavhengig av alder.
Billettar
Booking av billett (festivalpass) skjer via lenke på heimesida. Her vel du kor mange billettar du ønskjer. Når du går vidare til handlekorga di får du opp aktivitetsval. Der kan du velje kva parallellaktivitetar du ønskjer å delta i – dykketurar, kajakktur, coasteering eller fridykkarkurs. Kryss av for den aktiviteten du ønskjer å delta i.
Mat og drikke
Lunsj og middag er inkludert i festivalpasset. Måltida blir servert i hovudbygget på Runde Miljøsenter, med unntak av lunsj for kajakkpadlarane, som får med matpakke på tur. Opplev Runde står for matserveringa. Hugs å melde frå dersom du har allergiar som kjøkenet skal ta omsyn til.
Drikke til måltida er ikkje inkludert i billettprisen. Kafèen har eit godt utval av drikke som kan kjøpast etter ønskje. Kaffe/te er inkludert.
Utstyr
I oversikta over aktivitetar er det lista opp kva krav det er satt til utstyr/sertifikat etc. Dersom du ikkje har alt utstyret som trengs, ta kontakt med oss, så kan vi sjekke om det finst tilgjengeleg utstyr for utlån hjå Njord Freediver, Herøy Kajakklubb eller Herøy Dykkerklubb. Det blir laga stasjonar for skylling og tørking av utstyr.
Overnatting
Bestill overnatting på Runde ved å sende e-post til booking@runde.no
Pris pr. natt pr. person 500,00 kr
Kontakt
Har du spørsmål om påmelding, program etc, ta kontakt via skjemaet nedst på sida eller direkte på booking@runde.no
Håper å sjå deg på Runde!
Helsing festivalgjengen