Greit å vite

Billettar

Booking av billett skjer via www.hivens.no. Her vel du kor mange billettar du ønskjer. Når du går videre for å sjå å handlekorga di får du opp aktivitetsval. Du kan her velje kva paralellaktivitetar du ønskjer å delta i – dykketurar, kayakktur eller coasteering. Kryss av for den aktiviteten du ønskjer å delta i.

Mat og drikke

Lunsj og middag er inkludert i billetten. Måltida blir servert i hovudbygget på Runde Miljøsenter, med unntak av lunsj for kajakkpadlarane, som får med matpakke på tur. Måltida er eit samarbeid mellom Opplev Runde, Julie Cooks Green og Tango Seaweed, og det vil bli ei blanding av vegan/vegetar, kjøt og fisk. Hugs å melde frå dersom du har allergiar som kjøkenet skal ta omsysyn til.

Drikke til måltida er ikkje inkludert i billettprisen. Kafèen har eit godt utvalg av drikke som kan kjøpast til etter ønskje. Kaffe/te er inkludert.

Utstyr

I oversikta over aktivitetar er det lista opp kva krav det er satt til utstyr/sertifikat etc. Dersom du ikkje har alt utstyret som trengs, ta kontakt med oss, så kan vi sjekke om det finst tilgjengeleg utstyr for utlån hos Nord Freediver, Herøy Kajakklubb eller Herøy Dykkerklubb. Det blir laga stasjonar for skylling og tørk av utstyr.

Overnatting

Treng du overnatting, ta kontakt!

Vi har flere overnattingsmuligheter i området.

    1. Runde Miljøsenter – Ground Zero for festivalen – https://www.opplevrunde.no/mat-og-overnatting#booking
    2. Christineborg – https://www.christineborg.no/
    3. Goksøyr Camping – http://goksoeyr-camping.com/

 

Kontakt

Har du spørsmål om påmelding, program etc, ta kontakt via skjemaet i footeren nede, eller direkte på sjonar.festival@gmail.com

Håper å sjå deg på Runde! =)

Helsing festivalgjengen